[media stories: norwegian: 1994] |
||
Watt-sjokk med Motorpsycho
MP-Announcement Minimalt med alkohol, men maksimalt med adrenalin når watt-sterke Motorpsycho sveid av ungdomskonserten sin i går. Fredagskvelden var såvidt påtenkt då eit hundretals av den yngre rockegarden møtte opp for å høyre dei nye, norske metall-heltane. Garage-kjellaren var kledd i sin svartaste skrud, av heilt openberre grunnar. Det dystre decibel-dundrande repertoaret til trønder-bandet passar ikkje kvar som helst, men under gatenivå glir det glitrande inn. Der passar og utfaldinga til beundrande, byksande fans, som med fare for trommehinner og sidemannens tenner kastar seg inn i Motorpsychosen. På grensa til watt-sjokk og whiplash. Framfor sceneteppet (med sifra 9-0 påtrykt) står fire trøndarar bak den vaksande veggen av trommer og blytunge riff, og før Rondo-tid er over vil dei ha meisla motor-musikk milevis inn i margen på dei småristande, småvaksne bergensarane. Som endeleg kunne vise to fingrar til lys levande Bent, i staden for helsinga mot den tamme og tause plakaten over senga heime. Jarle Holmelid
|
||