home

  [media stories: 2001: norwegian]




Snop og øl til dei mest trufaste

Interview with Geb
taken from the Norwegian socialist newspaper
KLASSEKAMPEN, 2001-08-11.
Norwegian. Transcribed by Kristoffer.


Når Motorpsycho rullar ut på tur neste månad, kan dei rekne med å treffe mellom tjue og femti menneske dei kjenner igjen, uansett kor i Europa dei spelar.

Håkon Gebhardt, trommeslager i Motorpsycho, er audmjuk i forhold til "die hard-fansen".

Vi føler ofte at vi må gi dei noko ekstra i tillegg til musikken, så vi held nær kontakt med dei når vi er ute og reiser. Vi møter fansen etter kvar konsert, og dei som har følgd med oss tek vi med backstage og spander øl og snop, seier han.

For dei som ser mange konsertar på ein turné legger vi gjerne inn nye låter vi ikkje har spelt før på turneen, og gjerne noko gamalt som berre dei mest innbitte av fansen kjenner, seier Gebhardt.

Mange brukar oppspart ferie og pengar på å følgje bandet rundt. Får dei ikkje dårleg samvit?

Vi prøvde ei stund å få laga eit Gold Card, slik at alle som har sett meir enn femten konsertar slapp in gratis, men det vart vanskeleg i og med at det etterkvart vart veldig mange, men vi har ei ganske stor gjesteliste der vi fører opp ein del som reiser rundt.

Gebhardt fortel om ein italienar som kom aleine i bil til Noreg for å følgje Motorpsycho ei veke. Første konserten var i Trondheim, men på Dovre innsåg han at han ikkje rakk fram, men han fekk med seg konsertane i Oslo, Bergen, Stavanger, Kristiansand og Halden. Han var backstage etter siste konserten, og bandet fylte opp bilen hans med drikke og ein stor pizza som proviant, men pizzaen hadde han ikkje røtt, den hadde han med til Italia for å vise venene sine kva han fekk av Motorpsycho...

Han fortel også om eit par eks-satanistar frå Nederland som hadde oppdaga Noreg og Motorpsycho, og som tiltrakk seg merksemda til bandet ved å sitte utanfor bussen deira og synge Solveigs sang på noko dei trudde var norsk; "langt oppå fjellet å di du luutan dei å en liten bitte fjord...". Dei har sidan følgd dei fleste Motorpsycho-turneane.

Mange fans tek opp konsertane til Motorpsycho, og det er greitt for bandet, så lenge ingen tener pengar på det.

Dersom nokon skal tene pengar på dette, så er det oss, men det er greitt at folk bytar live-opptak seg imellom, seier han.

For nokre år sidan la Motorpsycho ut ein aprilspøk på heimesidene sine; alle som ville kunne koble seg til miksebordet og tappe det under konsertane. Veldig mange tok oppfordringa og møtte opp med alt frå kassettspelar til minidisc. Den einaste som ikkje likte spøken var lydmannen.

Vilhelm Bjørnseth