home

  [media stories: 2001: norwegian]




Visuelt audiovirus: Motorpsychos festspilldebut

Review of the Joe Coleman shows
at the Festspillene in Bergen 2001, May, 30th + 31st
taken from the Norwegian e-zine
BALLADE, 2001-05-31.
Norwegian. Found at the ballade site.


Motorpsycho sin Festspilldebut var utakknemleg og sterk. Stor innleving, nøyaktighet og raffinert instrumentbruk. Motorpsycho gav alt til dei skremmande Coleman-måleria i Håkonshallen i går kveld. Betre musikk passar ikkje inn i ein gotisk sal. Bileta passar kanskje best inni Coleman. Kanskje ikkje. Det var samtale-emnet på byen i natt.

  art by Joe Coleman
Rotnande grå lik

Stønnande menn. Sugande kvinner. Kreftsår
Satan runka, rulla ut tunga. Raude skår
i eit barneanlet. Drap.Drap. Drap. Drap.
Rotnande grå lik. Sitat frå Det Gamle
Testamentet. Sinte målingstrok.
Himmelrop. Sorg. Sterke skremmande fargar.
Sirklar. Udyr. Myrke skyer.
Virvlar. Helvete. Kniv mot hud.

Nobelsekvensen

Den fullpakka Håkonshallen såg fram til avslutninga: Motorpsycho. Ein i salen kommenterte dei slik: Etter den valdeleg sterke Gesualdo-avdelinga er det umogleg å spele rock'n roll! Ingen fekk rock'n roll. Tvert om – eit abstrakt ljodbilete prega av Audioviruset til Helge Sten satte kursen. Dei akkompagnerte portretter av mellom anna massemordarar, Hank Williams og Alfred Nobel. Sekvensen med Nobel og dynamitt var veldig god.

Partch for fyrste gong

Forestillinga opna dei fredsæle bileta til Henry Darger. Bilete av tusenvis med småjenter – med og utan klede. Nokre flyg med sommarfuglvengjer i eit blomehav. Andre kjempar mot skumle vaksne menn. AFMM (American Festival for Microtonal Music) Ensemble spelte. Dei sære instrumenta komponisten Harry Partch er ein av grunnane til at han aldri er spelt i Noreg før. Det var ei sensasjon i seg sjølv. Mange tykkte dette var uvant. Mikrotonal musikk høyrast konstant sur ut. Slik skal den vere. For Partch-fans i salen var dette stort! Andre fekk berre overdose – ettersom forestillinga gjekk sin gong. Då Coleman-bileta kom på storskjermen var det fleire som ikkje orka meir. Ikkje pga. musikken.

Nicholas H. Møllerhaug