home

  [media stories: 2001: norwegian]




800 mil for Motorpsycho

Article about the band and its fans / Interview with g35er Anders Hustveit
taken from the Norwegian socialist newspaper
KLASSEKAMPEN, 2001-08-11.
Norwegian. Transcribed by Kristoffer.


3. september slepp Motorpsycho si nye plate. Ti dagar etter legg dei ut på turné. Dei reiser ikkje aleine.

Det er vanleg at internasjonale artistar av ein viss storleik har ei hengiven fanskare som følgjer favorittbandet på turné, ser fleire konsertar kvart år, og elles stort sett lev for musikken og bandet. Grateful Dead er kanskje det mest kjende eksemplet. Også Pearl Jam og Neil Young har fans som følgjer dei rundt. Det er til og med damer i førti- femtiåra som følgjer Cliff Richard.
I Noreg er det berre eitt rockeband som opplever liknande tilstandar; Motorpsycho.

Snah åt burger

Rundt omkring i Noreg og resten av verda sit det menneske som ein ikkje skulle tru hadde andre ting å ta seg til enn å følgje med på kva Motorpsycho foretar seg.
Har ein observert gitarist Snah på Burger King vert det behørig rapportert til mailinglista med namnet g35, med påfølgjande spørsmål om kva han hadde på seg og kva for ein meny han åt. Ingen ting er for lite.

g35 er tumleplassen for dei mest hardbarka tilhengarane, dei som lev og andar for musikken til Motorpsycho. For det er det det heile dreier seg om. Musikken. At enkelte meddelar omverda om sine nattlege draumar om Motorpsycho, og andre igjen meddelar sine homoerotiske tankar om mannlege rockestjerner får så vere. At enkelte lagar kryssord med omtrent to hundre loddrett og vannrett om bandet òg.

I det siste har det handla mest om den nye plata som ingen har høyrd enno. Berre ei låt, Go To California, som bandet spelte live i fjor, er kjend, men det hindrar ikkje ekte fans i å diskutere kva dei ventar seg. Er det eit godt teink at bandet no har med seg blåsarar og strykarar på så mange låter? Har dei brukt for lang tid i studio? Er det nye coveret stygt eller fint?

Då tittelen på plata vart kjend på lista, må Phanerothyme ha slått ut all porno som søkeord på dei forskjellige søkemotorana dei påfølgjande timane.

Manglar Soothe-pakka

Anders Hustveit skal i haust bruke all oppspart ferie og tjue tusen kroner på å følgje bandet rundt i Europa. Sidan 1994 har Anders sett tjueni konsertar, i Noreg og i Europa. Han har samla det meste bandet har gitt ut, han manglar berre eit par spesielle ting, som Soothe-pakka i ein eksklusiv metallboks, utgitt i omtrent hundre eksemplar, men han har alle låtene som er offisielt utgitt. I tillegg, og ikkje minst like imponerande, har han hundre og tredve liveopptak med bandet, ei samling som stadig veks gjennom eit godt utvikla kontaktnett over heile Europa.

Saman med to nordmenn, ein tyskar og ei frå USA leiger han bil i haust og gjer seg klar for åtte tusen kilometer gjennom Sverige, Danmark, Tyskland, Nederland, Belgia, Frankrike, Sveits, Italia, Hellas og tilbake til Italia og Tyskland igjen.

Ikkje galskap

Kva er det som får eit menneske til å slepe seg 800 mil i bil for å sjå det same bandet kvar kveld?
Musikken til Motorpsycho er min hobby. For min del verkar det som galskap å dra til Syden omgitt av fulle nordmenn med vikinghjelm og Rosenborg-songen på ghettoblasteren. Om eg hadde kjøpt billett til VM i fotball hadde ikkje folk lea på eit augelokk.

For Anders er dette draumeferien, og langt fra galskap.

Er det ikkje fare for å bli grundig lei av musikken når du skal høyre den kvar kveld i tre veker?
Motorpsycho gjer vanlegvis forskjellige konsertar kvar kveld. Hadde dei sett seg ned i Trondheim før konserten og sagt at desse låtene skal vi spele kvar kveld i seks veker, veit eg ikkje om eg hadde lagt ut på denne turen. Det hadde blitt for keisamt, seier han.

Ein grunn til å reise utenlands, er den norske konsertkulturen.

Publikum i Noreg har ein tendens til å drikke seg fulle og drite i det som skjer på scena. Eg såg fire konsertar i Tyskland for to år sidan [jeg trodde det var i fjor, Anders? transkr. anm.], og der var det ein heilt annan haldning. Publikum var knyst stille under låtene, men tok heilt av etterpå, seier han.

Den perfekte konserten

For ein ihuga Motorpsycho-fan - som har hovudet fullt av datoer og steder for konserter, som hugsar kor lang "Un Chien d'Espace" var på alle live-versjoner i fjor som veit når riffet til "The Wheel" vart laga og kor – er det mogleg å vere kritisk?

Ja, påstår han.

Konserten eg såg i Bergen 16. oktober i fjor var skikkelig dårleg, men om det ikkje skulle fungere ein kveld, kan neste kveld bli det beste du har sett. Det handlar litt om å oppleve den perfekte konserten, ein kveld der alt stemmer, der eg får favorittlåtane mine i optimale versjonar, seier Anders Hustveit.

Når bandet turnerer kjem rapportane tikkande inn til g35 omtrent før siste låt er ferdig, med fyldige kommentarar om låtene og komplette settlister. Etter ein konsert i Halden kom ein gjeng frå Oslo [hehe! den besto så vidt jeg husker av artikkelforfatteren, intervjuobjektet, Sverre Birger og meg selv... transkr. anm.] heim att klokka fire om natta, og før morgonutgåva av Aftenposten var på bordet hos dei som står opp tidleg, var ein lang og fyldig rapport frå kvelden i førevegen publisert for dei omlag 250 nyhendehungrige disiplane på g35.

Vilhelm Bjørnseth